foto:Eli Lund

Om oss

Fjordakassen er starta av oss, eit ektepar busett på Lofthus i vakre Sørfjorden i Hardanger.

Me bur midt i eit av Noregs rikaste matområde, omgitt av frukthagar, fjord og fjell og med kort veg til bønder og produsentar som lagar fantastiske råvarer kvar einaste dag. Likevel opplevde me sjølve at det ofte var vanskeleg å få til gode, enkle og heimelaga middagar i ein travel kvardag.

Difor starta me Fjordakassen.

Me ynskjer å gjere det enklare for folk i Hardanger å ete betre med gode råvarer, enkle oppskrifter og mindre stress i kvardagen.

I kvar kasse får du nøye utvalde ingrediensar, gjerne frå lokale produsentar, og oppskrifter som er laga for å fungere i ein travel familiekvardag. Maten er skikkeleg, ærleg og laga frå botnen, slik me likar det sjølve.

For oss handlar dette ikkje berre om middag. Det handlar om å setja pris på gode norske råvarer. Om å bruke det me har rundt oss. Og om å gjere kvardagen litt enklare og halda det ekte. 

-Jard og Maria

Tilbake til bloggen