Vilkår for bruk
Salgsvilkår for Fjordakassen
Desse vilkåra gjeld for kjøp av matkassar eller andre varer frå Fjordakassen.
🛒 Bestilling
Bestilling skjer via nettbutikken. Når du gjennomfører kjøpet, får du ei stadfesting på e-post.
Bestillinga er bindande når betaling er gjennomført.
💳 Betaling
Me tilbyr betaling via Vipps og kort.
Beløpet vert trekt ved bestilling.
📦 Levering og henting
Me tilbyr levering i utvalde område i Hardanger, samt moglegheit for henting på Lofthus.
- Leveringsdag vert oppgitt ved bestilling
- Bestillingsfrist vert oppgitt i nettbutikken
Det er kunden sitt ansvar å vere tilgjengeleg for mottak av levering, eller sørge for at maten kan setjast på avtalt stad.
❄️ Oppbevaring
Matkassen inneheld ferske råvarer og må oppbevarast kjølig ved mottak.
Fjordakassen tek ikkje ansvar for varer som vert øydelagde som følgje av manglande kjøling etter levering.
🔄 Endring og avbestilling
Bestilling kan endrast eller avbestillast fram til bestillingsfristen (torsdag veka før levering)
Etter dette er bestillinga bindande, då varene vert kjøpte inn og klargjort.
⚠️ Angrerett
I henhald til angrerettlova gjeld ikkje angrerett for matvarer som kan bli forringa raskt.
🥕 Kvalitet og reklamasjon
Dersom du opplever feil eller manglar ved leveransen, ber me deg ta kontakt så raskt som mogleg.
Send e-post til hei@fjordakassen.no med bilete og forklaring.
Me vil vurdere saka og kome til einigheit.
📩 Kontaktinformasjon
Fjordakassen AS
Hordatunvegen 81, 5781 Lofthus
Telefon: 90698342
Epost: hei@fjordakassen.no
Organisasjonsnummer: 937230060