Korleis fungerer matkasse frå Fjordakassen?
Med Fjordakassen blir middagskvardagen enklare. Me set saman matkassen med gode råvarer og oppskrifter som gjer det lett å lage smakfulle middagar heime. No i starten vil me kun selgje tre middagar per matkasse, valfritt antal mellom 2-6 personar. Du vil og snart kunne kjøpe andre råvarer som eplesaft og liknande saman med matkassen.
I kassen er råvarene til kvar middag samla i eigne posar, slik at det er enkelt å halde oversikt når du skal lage maten. Me ynskjer å nytta lokale råvarer der det let seg gjera, og har mellom anna storfekjøt frå Stana Lokalmat, kylling frå Homlagarden, egg frå Andreas Hus i Kinsarvik. Største delen av råvarene vert handla lokalt hjå Bunnpris på Lofthus. Det følgjer også med tydelege og enkle oppskrifter som gjer matlaginga rask og oversiktleg. Nokre basisvarer som smør/olje, salt og pepper forventar me at du har sjølv.
Med Fjordakassen får du fleire fordelar:
- Mindre stress i kvardagen – middagen er planlagt for deg
- Spar tid på handling – færre turar i butikken
- Mindre matsvinn – du får akkurat dei råvarene du treng
- Meir variert kosthald – nye og spennande rettar i kvardagen
Pris for 3 middagar:
2 pers – 920 kr (153 kr pr/porsjon)
3 pers – 1 250 kr (138 kr pr/porsjon)
4 pers – 1 550 kr (129 kr pr/porsjon)
5 pers – 1 890 kr (126 kr pr/porsjon)
6 pers – 2 200 kr (122 kr pr/porsjon)
Matkassen vil kunna hentast på hentepunkt som er Bunnpris på Lofthus, etter kl 18:00 mandagar. Me tilbyr ikkje heimlevering no, dette vil koma seinare.
Enklare kvardag - Ekta mat